Vår gjest er Hans-Petter Nygård-Hansen, som gir oss sitt rykande ferske foredrag "Fremtiden Disruptes" om korleis teknologiutviklinga har transformert og disruptert korleis me lever, lærer og jobbar på.
Du får innsikt i kunstig intelligens (KI), og kunnskap om nyttige måtar ein kan nytta kunstig intelligens på i eiga bedrift. Og også om kva som er utfordringsbildet ved å ta i bruk ny teknologi.
Du vil gjennom ei blanding av foredrag, praktiske eksempel og gruppediskusjon få kunnskap om og innsikt i korleis utnytta KI-verktøy i det daglege arbeidet ditt. Me diskuterer etikk, juridiske sider, tryggleik og berekraftige aspekt ved KI-teknologi.
Hans-Petter Nygård-Hansen er anerkjent teknologiekspert, kommunikasjonsrådgivar, debattleiar, foredragshaldar og gründer. Har du følgt litt med, har du kanskje høyrt han i radio, sett han på TV eller lese artiklane hans.
Næringshagen i Ryfylke (Sandsvegen 134, 4230 Sand kl. 09.00 -14.00)
• Foredrag: Fremtiden Disruptes
• Ulike KI-verktøy .
• Demonstrasjon av KI i praksis.
• Diskusjon og debatt: Engasjer deg i diskusjon og debatt for å forstå og nytta kunnskapen i praksis.
• Etiske, moralske, sikkerheitsmessige, juridiske og berekraftige aspekt: Kva utfordringar står me ovanfor i møte med KI.
Målbedrifter og aksjonærar: kr 500.-
Andre: kr 1000.-
Send epost til post@nhryfylke.no innan fredag 15. mars.
Spørsmål? Ta gjerne kontakt med oss!