Tysdag 25. mars kl 10-11 inviterer reisemåla i NDBR inn til første samling i vår digitale seminarserie for campingnæringa, der ein kombinerer fagleg innhald med inspirerande innlegg frå campingplassar over heile landet. Tema den 25. mars er "Bli synleg på nett: Enkle skritt til korleis du kan bygge og ta eigarskap til di merkevare på nett!" Set av tida, logg deg på og bli med på ein inspirerande time i saman!
Campingturismen er i veks på tvers av heile landet, og utgjorde omlag 20% av alle kommersielle gjestedøgn i Noreg i 2023. Campingturisten overnattar 1/3 netter utanføre campingplassar i bubil eller telt, og nyttar omlag 1000 kr mindre i gjennomsnitt per døgn enn gjennomsnittsturisten frå utlandet. I denne seminarserien inviterer ein inn campingplassar på tvers av landet for å hente felles inspirasjon, informasjon og praktiske tips og triks til korleis me i saman kan arbeide for å skape best moglege gjesteopplevingar, styrkje lokal verdiskaping per gjest og arbeide for ei heilårig og berekraftig campingnæring.
Seminaret er ope for alle bedrifter som er knytt til reisemål som er medlem i NDBR.
Du melder deg på ved via dette skjemaet.
Har du spørsmål? Ta kontakt med ditt reisemål eller NDBR.